Kyrkjeblad for Lesja og Lesjaskog

"I ein huslyd er det mange ting som det må talast um og ordnast med, som ikkje dei utanfor heimen treng vita um. Soleis og med ei menigheit, difor helsar eg med glede menighetsbladet hjarteleg velkome." Slik vart kyrkjebladet helsa velkome da Aksel Amlie i desember 1948 gav ut det fyrste nummeret av Kyrkjeblad for Lesja og Lesjaskog.

Kyrkjeblad for Lesja og Lesjaskog nr 4 - 2020

Kyrkjebladet for Lesja og Lesjaskog kjem ut fire gonger i året (påske, sommar, haust og jul). 

Bladet kjem til alle husstandar i Lesja kommune. Vi distribuerer bladet sjølve, så det kan variere litt når den enkelte får bladet i si postkasse.

Bur du utanbygds, og ynskjer å få tilsendt Kyrkjeblad for Lesja og Lesjaskog, kan du ta kontakt med kyrkjekontoret, så ordnar vi det. 

Send ein e-post til kyrkjekontoret@lesja.kommune.no eller ring/send sms til 91852144

Finansiering av kyrkjebladet er basert på friviljuge pengegåver, og det ligg giro i fyrste nummeret kvart år. Vi er takksame for alle som betaler inn! 

Utanbygdsbuande må betale inn ei pengegåve for å få tilsendt bladet, men bestemmer sjølve kor stort beløp som blir betalt inn (Kto. nr 2081 20 09096)

Hovudorsaka til at vi må krevja betaling frå utanbygdsbuande, er at vi har større distribusjonsutgifter på dei blada som blir sendt med posten.

Har du noko på hjarta, som du tenkjer andre kan ha glede av å lesa, tek vi gjerne i mot stoff til kyrkjebladet. 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"